Me vil takke Jærbladet

(11.11.13) 4. trinn ved Varhaug skule vet å få sagt sitt i avisen. Overskriften stammer fra dem og følgende sjarmerende leserinnlegg som stod på trykk fredag 8. november:

I sist veke (44) hadde me avisveke. Då fekk alle på trinnet tilsendt kvar vår avis fra Jærbladet både måndag, onsdag og fredag. Dette vil med takke for!

Tankar me sit att med etter å ha arbeidd med aviser denne veka: Før med hadde avisveke las me aldri aviser. Me har oppdaga at det kan være gildt for ungar og å lese aviser.

Me har fått lære meir om kor me finn ting i avisene.

Før var det bare gildt å sjå på teikneseriar. Nå er det gildt å lese neyheiter og. Me har lært at på side 3 kan med finne brev frå lesarane. det er gildt å lese om Varhaug i avisa, men me syns ikkje det var gildt å lese at Varhaug er den plassen det er mest hærverk på jernbanestasjonen. Me visste ikkje at det var så mykje sport i Jærbladet.

Me er glad for at me nå kan meir om aviser enn med kunne frå før. Det var ekstra gildt å arbeide med avisene sidan alle fekk ei eiga avis til å lese og klippe i!