Den store journalistprisen til «Historien om Odin»

(Fornebu 11.03.15) VG-journalistene Synnøve Åsebø og Maria Mikkelsen er tildelt Den store journalistprisen 2015 for «Historien om Odin»..

Tildelingen skjedde under Norsk Journalistlags landsmøte i Oslo i kveld.

 

 

Du kan du lese juryleder Harald Stanghelles tale og jurybegrunnelsen her:

Vi i mediene står midt oppi den største omveltninga sidan Gutenberg oppfann trykkekunsten.

Vi veit kvar vi kom i frå.

Vi veit ikkje kor vi endar.

Men ein ting veit vi:

Kvalitet kjem aldri til å gå av moten.

Innhald med nerve og substans vert aldri gamaldags.

Vi i juryen for Den store journalistprisen veit noko om nettopp dette.

Vi hatt til vurdering på vårt bord:

det gravande prosjektet

den personlege forteljinga

den intense og dristige tilstedeværelsen

den konsekvensfylte reportasjen

den borande, analytiske og velformulerte kommentaren

Og ikkje minst den journalistikken som forenar fleire av desse sjangrane.

Med dette som bakgrunn kjem kveldens første gratulasjon.

Den går til norske journalistar.

Og den går til dere i Norsk Journalistlag som representerer standen.

Tusen takk for innsatsen gjennom eit turbulent 2014.

Norsk journalistikk er betre enn sitt rykte.

Så er det nok eit paradoks for mange, men likevel er det på mange vis sant:

Faget journalistikk har aldri hatt betre kår enn no.

Dei digitale verktøya har opna opp for graving og innsyn vi for få år sidan berre kunne drøyma om.

Tilgangen på dokument og på dei menneskelege historiane er eventyrlege, om ein ser det med augo til ein godt vaksen redaktør.

Og vi har fått moleglegheiter til å få innspel og dialogar med tipsarar, kjelder, lesarar, sjåarar, lyttarar og kritikarar på eit vis vi tidlegare ikkje hadde fantasi til å sjå for oss.

Resultata av alt dette ser vi på lista over dei nominerte til den store journalistprisen for 2015.

Her finn vi nokre av dei beste journalistane i kongeriket.
Vi finn dei mest overraskande avsløringane.
På plass i nominasjonskøen er dei historiane om enkeltskjebner som bit seg fast i sjela.
Der er også viktig dokumentasjon etter årelang journalistisk innsats.
Og der er samtidskommentarar av ein kvalitet som ville stått seg også i eit internasjonalt selskap.

Juryen – Christian Lura, NJ, Aina Johnsen Rønning, Fagpressen, Annette Groth, NRK, Silje Hovland, TV2, Hildegunn Soldal, MBL, Kjersti Løken Stavrum, NP, samt eg frå NR – har hatt det privilegium å kunna velgja. Og juryen har kjent den plaga det er å måtte vraka.

God journalistikk skal gjera inntrykk.
Den skal setja fotavtrykk etter seg.
Den skal overraska og leggja det uventa på samfunnsbordet.
Og journalistikk er på sitt beste når det også er på dei veikastes parti.

Året vi har bak oss har vist fram granskande, kloke og velformulerte journalistar som vågar gå inn i sakskompleks der tematikken er komplisert. Men der den også er så velkjent at ein like gjerne kan tenkja at «dette har vi då skrive om tidligare, dette veit vi nok om».

Slik tenkte ikkje årets prisvinnarar.

Vi kjenner alle kritikken mot journalistikkens letthet. Nokon vil seia journalistikkens uuthaldelege letthet.

Årets prisvinnarar har kjent noko anna.

Dei har kjent, og formidla det så sterkt at også vi andre kjenner børa av journalistikkens uuthaldelege tyngde.

«Det nytter ikke å si fra, for de gjør ikke noe uansett,» var orda 13 år gamle Odin etterlet seg før han tok sitt eige liv.

Den nattsvarte fortvilinga vart for tung å gå vidare med i det purunge livet.

På alle kantar såg dørene så stengde ut.

Det er denne historien kveldens prisvinnarar fortalde oss.

Det er den historien som har rysta ein heil nasjon.

Eit samtidsdokument over eit barns sårbarhet.

Men også eit dokument over eit system som burde veta betre.

Skulle evna betre.

Og som skulle teke på alvor alle sine eigne handlingsplanar og mobbekampanjar.

Det samme systemet har då også kjempa med nebb, klør og vikarierande argument for at historien om Odin IKKJE skulle verta fortald.

Ein voldsom systemdreve motstand som to journalistar sto i mot.
Det kan ikkje ha vore lett, men prisvinnarane har på eksemplarisk vis handtert eit mangfald av utfordringar.

Frå den første tillitsskapande kontakten med menneske i djup sorg via eit svært krevjande gravearbeid og eit vell av samansette etiske utfordringar og til ein komplett multimedial måte å fortelja historien på.

Resultatet kjenner vi:

Historia om Odin skapte bevegelse.

Den skapte engasjement.

Hos unge.

Hos eldre.

Hos samfunnseliten.

Den vart resonansbotn for nyttårstalane til både konge og statsministar.

Minst 27 fakkeltog vart arrangert i vekene etter publiseringa, frå Kirkenes til Kristiansand.

«Odinstiftelsen» er oppretta.
Og «Historien om Odin»  har påverka det utvalg som om kort tid legg fram sine råd for ein samfunnskvardag der nettopp slike som Odin SKAL kjenna at det nyttar å seia frå.

Juryens viktigaste grunngjeving, og på same tid ei helsing til norske journalistar med denne pristildelinga er like enkel som den er avgjerande og inntrengande:

Jo, det nyttar.

God journalistikk nyttar.

Den gjer noko med oss som menneske og som nasjon.

Vi treng den og vi treng den sårt.

Juryen for Den store journalistprisen er stolt over å gje årets pris til VGs Synnøve Åsebø og Maria Mikkelsen for «Historien om Odin».

Gratulerer!

 

Prisen deles ut gjennom Norsk Presseforbund. Bak prisen står Mediebedriftenes Landsforening, Fagpressen, Norsk Journalistlag, Norsk Redaktørforening, TV 2, NRK og Norsk Presseforbund.