Bilete og illustrasjonar

Bilete og illustrasjonar er ein vesentleg del av presentasjonen av ei sak. Tekst, bilete og eventuelt andre element utgjer ein samansett heilskap som gir lesaren fyldigare informasjon og fleire inngangar til saka.

BILETJOURNALISTIKK

Fotojournalisten skal fortelje lesarane noko med biletet sitt. Avhengig av kor god tid han eller ho har, planlegg fotojournalisten kva han eller ho vil ha bilete av, og korleis han eller ho skal få det til. Fotojournalisten har dei seks hjelparane i «bakhovudet»: Kva? Kven? Kvar? Når? Korleis? Kvifor? Kva er vesentleg, mest interessant, spesielt eller mest aktuelt å fokusere på?

PRESSEFOTOET

I papiravisa er stillbilete og grafiske framstillingar viktige. Desse er viktige også i nettavisene, men her er det også mogleg å bruke video, digitale forteljingar, biletseriar og lydfiler. Vi skil grovt mellom to typar pressebilete: dokumentariske bilete og illustrasjonsbilete.

Eit dokumentarisk bilete

er teke mens den omtalte hendinga skjer. Fotografen er til stades der det skjer, og helst når det skjer. Det viser ein bit av sanninga, ein rapport frå eit augeblikk.

Illustrasjonsbilete

kan vere arkivbilete eller bilete som er arrangerte for høvet og skal utdjupe innhaldet i artikkelen eller skape interesse for han. Det kan vise personar, miljø eller ting som er knytte til saka.

VIDEO

i nettavisene kan vere profesjonelle reportasjar, men også innsende videoar frå publikum som har vore til stades og filma hendinga. Levande dokumentariske bilete frå ei vesentleg eller dramatisk hending kan ha høg informasjonsverdi, og redaksjonen kan velje å bruke innsende videoar sjølv om den tekniske kvaliteten ikkje er på topp.

Illustrasjonstegning av den russiske presidenten Vladimir Putin (Roar hagen, VG).

TEIKNING

Til portrettintervju vel avisene ofte å teikne portrett av intervjuobjektet. Ein god teiknar kan få fram karaktertrekk ved personen som det kan vere vanskeleg å få fram i eit foto.

GRAFIKK

Grafikk kan innehalde teikning, diagram, foto og tekst, det vil seie ein samansett tekst. Grafikaren bestemmer sjølv kva element han vil bruke og kan skreddarsy framstillinga til det redaksjonen ønskjer å fortelje. Grafikk kan vere eit statisk bilete, eller det kan vere video.

PUBLIKUMSJOURNALISTIKK

Med mobilkamera i lomma er dei fleste av oss potensielle fotojournalistar. Menneske som er til stades de noko skjer, har høve til å fotografere eller filme hendinga. Det kan ta tid før den profesjonelle fotografen kjem til staden, fotografen kan ha mista høvet til å ta dokumentariske bilete eller videoar. I slike tilfelle kan publikumsbilete ha stor verdi for avisa. Mange ser på slik «publikumjournalistikk» som eit godt høve til å utvikle og gjere nyheitsjournalistikken meir aktuell.

OPPGÅVER

1. Studer avisillustrasjonar: Sjå gjennom avis(er) på papir og nett. Vel ut nokre saker. Gjer greie for korleis desse er illustrerte.

2. Det beste avisbiletet denne veka? Dei som ønskjer det, kan nominere eit bilete dei meiner fortener å vinne, og grunngi kvifor. Så kan klassen stemme og kåre eit vinnarbilete.

3. Gi avisa di karakter for bruken av bilete og illustrasjonar. Set først opp nokre kvalitetskriterium du eller de meiner er viktige. Vurder bileta og illustrasjonane ut frå desse.