Pressa sine funksjonar

Ei svært viktig oppgåve for media er å halde eit vake auge med dei som har makt i samfunnet vårt. På vegner av folk flest skal pressa vere VAKTBIKKJE og påtale maktmisbruk både frå private og dei tre grunnlovsfesta statsmaktene (Stortinget, regjeringa og domstolane). Derfor blir pressa ofte kalla «den fjerde statsmakta».

GRUNNLOVENS § 100

Det står ikkje noko i Grunnlova om «den fjerde statsmakta», men paragraf 100 i grunnlova seier blant anna at «Trykkefrihed bør finde Sted» og «Frimodige Ytringer om Statsstyrelsen og hvilkensomhelst anden Gjenstand, ere Enhver tilladte». Ideen om ei fri og uavhengig presse er ein konsekvens av dette.

Samfunnsrolla til pressa er

  • å følgje med på kva dei tre statsmaktene gjer og ikkje gjer
  • å informere om det som skjer
  • å analysere, kommentere og kritisere
DAGSORDENFUNKSJONEN

Offentleg merksemd er ofte nødvendig for at noko skal skje i ei sak. Massemedia kan styre kva saker som skal setjast på dagsordenen. Media får stadig førespurnader frå personar og organisasjonar om å ta opp sakene «deira». Dette gjeld også politikarane. Dei bruker kontaktane sine i pressa og kjennskapen dei har til korleis pressa arbeider når dei har saker dei vil ha teke opp.

Ytringsfridom er ikkje sjølvsagd. Han må vaktast og haldast ved like.

EI FRI OG UAVHENGIG PRESSE!

Ei fri og uavhengig presse vil seie at redaksjonane sjølve fritt avgjer kva dei vil fortelje, uavhengig av press frå eigarar, politikarar eller andre med makt.

Meir om samfunnsrolla til pressa finn du i Ver varsam-plakaten på motsett side. Den inneheld også etiske reglar for all journalistikk i Noreg.

SENSUR

Ved at folk fekk høyre om kva som hende i samfunnet, blei dei meir bevisste og tok til å stille spørsmål. Boktrykking førte på denne måten til at samfunnet blei endra. Krigsherrar og diktatorar har derfor brukt sensur som middel for å hindre folk i å få tilgang til informasjon.

Napoleon skal ha sagt at «eg fryktar tre kritiske aviser meir enn tusen bajonettar», og han dreiv streng sensur i si stordomstid.

Bør vi vere redde for at avisene ikkje gir oss all relevant informasjon – at dei utøver ei form for sensur? Kva med søkemotorane – kva for utfordringar møter vi når dei vel kva for søkeresultat vi får presentert?