Innhold

Bli kjend i avisa

Bli kjend i avisa på papir og digitalt.

Fakta

AVISER I NOREG

Vi deler avisene inn i tre grupper: Lokalaviser, regionaviser og riksaviser

For 100 år sia var det i papiravisene du fann journalistikken. I dag blir det publisert på mange fleire plattformer: papir, radio, tv, nett og mobil. Og utviklinga går fort med stadig nye nettutgåver, mobilutgåver og nettbrettutgåver. Utfordringa for mediehusa er å utvikle plattformer der brukarane er villige til å betale for innhaldet. Kvalitet kostar pengar, og dei pengane må utgivarane på ein eller annan måte tene inn. Dei ulike plattformene kan presentere innhaldet på ulike måtar, og dei skil seg frå kvarandre når det gjeld kor raskt dei kan publisere sakene. Papiravisa gir opplysningar og bakgrunnsstoff om det som skjedde i går, mens nettavisa kan ha dei første opplysningane om ei sak allereie nokre minutt etter at noko har skjedd.

 

PAPIRAVISA

I papiravisa finn du ulike stoffområde. Desse har som regel fast plass i avisa. Alle avisene har ikkje med alle stoffområda, for eksempel finn du sjeldan utanriksnyheiter i ei lokalavis.

NETTAVISA

Dei nyaste og viktigaste nyheitene finn du på framsida, men stoffet blir også sortert etter nøkkelord. Du finn dei oftast øvst på sida.

OPPGÅVER

1. Samanlikn framsida i papiravisa i dag med opningssida til nettavisa. Kva er likt og kva er ulikt? Diskuter med ein annan om årsaka til eventuelle skilnader.

2. Kva nøkkelord har den lokale avisa di sortert stoffet sitt under på nett?

3. Del dykk i grupper og finn eksempel på aviser som høyrer inn under dei tre avisgruppene. Skriv opp på tavla. Kven finn flest?