Journalistikk handlar om røyndomen

Pressa skal vere ei vaktbikkje som tek fatt i maktmisbruk både frå det offentlege og frå private.

KORREKTE FAKTA

Journalistikk handlar om røyndommen. Journalistar må gjere val. Dei vel det dei meiner det er viktig å fortelja om. Dei vel kvar dei skal finne fakta, og kven dei skal intervjue, kva dei skal leggje vekt på, og korleis sakene skal presenterast. Det dei fortel, skal vere sant. To journalistar kan godt fortelje og vinkle same sak på ulik måte, men faktaopplysningane skal vere rette.

Journalistikk er førsteutkastet til det som kjem i historiebøkene.

SAMFUNNSOPPDRAGET TIL PRESSA

Sjølv om mykje av det som journalistane kjem med, er underhaldning, har dei også eit oppdrag på vegne av demokratiet vårt. Pressa skal vere ei vaktbikkje som tek fatt i maktmisbruk både frå det offentlege og frå private. Og gjer dei det dei skal, held også media auge med kvarandre, slik at dei ikkje misbrukar makt sjølve. Ver varsam-plakaten viser til at ytringsfridom, informasjonsfridom og trykkjefridom er grunnelement i eit demokrati, og at ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn. Meir om det lenger ut i heftet.

OPPGÅVER

Sjekk i dagens nettaviser.

1. Kan du finne eksempel på at same sak er vinkla ulikt?

2. Kva er likt? Kva er ulikt?