Kvar kjem nyheitene frå?

NYHEITENE OG ANDRE HISTORIER KJEM TIL REDAKSJONANE FRÅ MANGE KJELDER

Fakta:

NTB er det store norske nyheitsbyrået. Internasjonale byrå er for eksempel Reuters, AP og IPS.

Det er i avisene du finn dei fleste nyheitene. Til journalistane i avisredaksjonen kjem nyheitene og andre historier frå mange kjelder. Nyheitsbyråa sender ut nok nyheiter til å fylle fleire avisutgåver kvar einaste dag. Det kjem pressemeldingar frå både private bedrifter og foreiningar og frå stat og kommune. Redaksjonen følgjer med på det som skjer i andre media, sjekkar postlistene til kommunen og har ringjerundar til politi og brannvesen for å høyre om noko har skjedd. Alle journalistar har eigne kjelder som kontaktar dei, eller som dei kontaktar når dei treng opplysningar. Kvar dag kjem også tips frå avislesarane. Mange aviser premierer det beste tipset kvar veke. Dessutan skjer det kvar dag uføresette hendingar som må dekkjast.

Portvaktene

Før ei nyheit når oss gjennom massemedia, har ho måtta passere fleire «portvakter». Portvaktene er dei personane som bestemmer at akkurat denne nyheita er så viktig at ho skal presenterast for oss. Langt frå alt som skjer, kjem med i avisa eller nyheitssendinga. Dei nyheitene som journalistane i redaksjonen vel, kjem med på kostnad av mange andre som blir valde bort av journalistane eller nyheitsbyråa. På internett gjeld ikkje dette på same måten som i pressa. Der kan kven som helst leggje ut kva som helst utan at nokon redaksjon bestemmer. Likevel blir informasjonen vi får, styrt her også. Kva vi får opp når vi søkjer informasjon om eit tema, er avhengig av søkjemotoren. Søkjemotorane er kanskje dei nye portvaktene?

KVEN KAN VI STOLE PÅ?

Fakta:

I journalistikken kan ei kjelde for eksempel vere ein person, ein publikasjon eller eit dokument (på papir eller nett).

Tre kjeldetypar: Erfaringskjelda, som har opplevd noko, partskjelda, som har personleg interesse i historia, og ekspertkjelda, som har kunnskap om delar av historia.

Ver varsam-plakaten seier at kjelda vanlegvis skal identifiserast, men er opplysningane gitt fortruleg, skal pressa verne om identiteten.

Det som står i avisa, skal vere sant. Derfor er det svært viktig at journalisten som arbeider med ei sak, er nøye når han eller ho vel kjelder. Det er ein hovudregel at ein ikkje skriv ei sak ut frå berre ei kjelde. Dette gjeld særleg saker om konfliktar. Og det er ein hovudregel at alle partar skal ha høve til å forklare seg og forsvare seg. Kjelder må sjekkast og dobbelsjekkast.

Kjelder bør alltid sjekkast, men det er særleg viktig i desse tilfella:

  • Kjelda er part i ei sak.
  • Kjelda har personleg interesse i saka.
  • Kjelda er langt frå opplysningane i tid.
  • Kjelda kjem med sensasjonelle påstandar.
  • Kjelda er vag.
  • Kjelda er ein du likar godt.
  • Kjelda er sosiale medier.
OPPGÅVER

1. Ta for deg ein avisartikkel. Finn kjelda til opplysningane. Er det fleire kjelder? Vurder om det burde ha vore kontakta fleire kjelder.

2. Prøv å finne ein avisartikkel med berre éi kjelde. Kvifor er det slik, trur du? Kva andre kjelder kunne journalisten ha bruk?