Journalistisk arbeidsprosess

Korleis jobbar journalistar med å lage ei sak? Her ser vi nærare på den journalistiske arbeidsprosessen.

DEI GODE «HJELPARANE»

Journalisten har nokre hjelparar som er med på å finne all informasjon og kunnskap om ei sak: kven, kva, kvar, når, korleis og kvifor. I tillegg til desse bør vi ta med ein hjelpar til: MED KVA FØLGJER? Journalistikk er å svare på desse sju spørsmåla så grundig som mogleg – finne ut kva som er sant og kva som ikkje er sant, slik at vi som lesarar og samfunnsborgarar blir i stand til å forstå verda og få ein kunnskap som hjelper oss når vi skal ta del i demokratiet.

KVA ER EI SAK

Kva kan det vere interessant å finne ut meir om? Du kjem lettast i gang med ei journalistisk historie dersom det er noko du lurer på. Tinga er ikkje alltid som dei ser ut til, og det å vere journalist vil seie å finne ut korleis det er i røyndommen. Eit godt hjelpemiddel for å finne skriveideen som skal vere grunnlaget for historia, er å lage eit tankekart.

Finn historia

Formuler med eit par setningar kva skriveideen din går ut på og kvifor lesaren skal lese historia. Du må vite kva du vil fortelje, og lesaren vil vite kva historia gir han eller henne.

Research

No skal du skaffe svar på dei spørsmåla du lurer på. Du må ikkje begynne å skrive før du har alle opplysningar og fakta om saka.

Skrive

Kva er det viktigaste i historia? Kva sjanger eller skrivemodell vil du bruke? Lag ein plan over historia så du ser henne for deg. Tenk deg lesaren din som ein person du kjenner når du skriv. Fortel gjerne ein annan om historia før du tek til å skrive. Det er ei god hjelp for ein journalist å ha ein som høyrer på det ein arbeider med og stiller nokre spørsmål. Når du er fornøgd med historia du fortel, kan du også skrive henne.

Revidere

Har du fått med deg det du meiner er viktig? Er det ei god historie? Sjekk først innhaldet, så strukturen og til slutt detaljane!

Publisere

På kva måte vil du presentere historia: klasseavis, skoleavis, nettavis, blogg, oppslagstavle, høgtlesing …

KVA ER NYTT?
Nyhetskriterium (VISAK)

For alle nyheitsmedium gjeld det at dei vil fortelje folk noko som dei ikkje veit frå før – og som er sant. Det kallar vi nyheiter. Dei har nokre kjenneteikn eller kriterium:

V - VESENTLEG – hendinga bør vere viktig for mange.

I - IDENTIFIKASJON – lesaren bør føle at dette vedkjem akkurat han eller henne.

S - SENSASJON – hendinga bør skilje seg ut frå det «vanlege».

A - AKTUELT – hendinga bør vere ny eller ikkje kjend tidlegare.

K - KONFLIKT – lesaren synest alltid det er spennande å lese om konfliktar og usemje.

Dess meir sensasjonell ei hending er, dess lettare finn ho vegen inn i media.

Det er lettare for ei sak å bli ei nyheit i avisa dess nærare hendinga er den som får nyheita. Ei bilulykke i Australia blir neppe dekt i ei norsk lokalavis. Dersom ho skal bli dekt, må ho vere svært spesiell, eller nokre av dei som er involverte, må vere kjende for lesarane. At ei nyheit vedkjem mange, er ein fordel, og det er også ein fordel at ho kan personifiserast. Det vil seie at ho kan knytast til ein eller fleire personar. Er personen for eksempel ein kjend politikar, ei kjend idrettsstjerne eller ein kjend idolvinnar, gjer det også at saka slepp lettare til i nyheitene. Ofte dreier nyheiter seg om konfliktar. Det er spennande lesestoff og gjerne knytt til aktuelle hendingar. Dess meir sensasjonell ei hending er, dess lettare finn ho vegen inn i media. Da treng hendinga i seg sjølv ikkje vere så vesentleg. Eit gammalt eksempel på dette er at om ein hund bit ein mann, blir det neppe noka nyheit. Bit derimot ein mann ein hund ... sjå, da kan det bli oppslag i avisa.

OPPGÅVER

1. Du skal skrive ein nyheitsartikkel om noko som har skjedd, eller skal skje, på skolen. Lag eit tankekart. Skriv ned ideen din og skaff dei opplysningane du treng. Skriv så artikkelen med overskrift, ingress og brødtekst. Fint om du har med bilete. Lag ei veggavis i klassen.

2. Vurder nyheitene i eit par utgåver av di lokale avis. Finn den nyheita som også kan interessere ein som bur i ein annan del av landet. Kan nyheita også ha interesse for nokon i ein annan del av verda? Grunngi valet for dei andre i klassen.

3. Del dykk i grupper og diskuter om det kan vere hendingar som er vesentlege og vedkjem mange, men likevel ikkje kjem med i avisene.