Innhold

Prøv deg som journalist

Er du klar for å prøva deg som journalist og lage eit intervju? Her er korleis du går fram:

Journalistikk er å finne ein idé om kva ein vil fortelje, undersøkje og setje seg godt inn i stoffet, intervjue folk som veit noko meir, velje det mest interessante eller viktigaste, og fortelje med tekst og bilete slik at folk får lyst til å lese det.

KORLEIS FÅ IDEAR TIL SKRIVING?

Å lage tankekart er ein god metode for å arbeide fram idear til skriving. Her er eit eksempel der tema er «aktivitetsdagen». Når du lagar tankekartet, kan du ta med alt du kjem på.

DET FINST IKKJE DUMME SPØRSMÅL

Spør ein gong til om du ikkje forstår. Det som er dumt, er å sitje att med uklare svar.

Når du skal intervjue:

  • Sei kven du er, og kva du skal bruke opplysningane til.
  • Førebu deg!

Del på oppgåvene:

  • Skal de intervjue nokon, for eksempel til skoleavisa, kan éin stille spørsmål, éin kan notere og éin kan lytte og stille ekstra spørsmål om nødvendig.