Annonsar og reklame

Avisene på papir og nett er viktige reklamekanalar i konkurranse med mange andre reklamekanalar.

Avisene har ulike typar annonsar: informasjonsannonsar (kunngjeringar), reklameannonsar og små private annonsar. Annonsar som er samla etter innhald under faste vignettar (for eksempel «kjøp og sal», «arbeidsmarknaden», «helse og velvære»), kallar vi rubrikkannonsar. Papiravisene har også jamleg «innstikk», det vil seie reklamefaldar eller reklameavis frå ein annonsør lagd inn i avisa.

AIDA – EIN EFFEKTIV REKLAMEANNONSE

Formålet med ein reklame er å få merksemd (Attention), skape interesse (Interest), få oss til å ønskje varen (Desire) og motivere til kjøp eller handling (Action). Reklameannonsen kan vere enkel og rett på sak, men også meir sofistikert utforma med bevisst bruk av verkemiddel – for eksempel bilete, fargar, fontar og layout. Personar som er avbilda, er som regel unge og vakre. Ofte blir populære kjendisar brukte for å skape interesse og identifikasjon.

INNTEKTSKJELDER

Journalistikk kostar pengar. Dette blir betalt av inntekter fra abonnement, laussal og annonsar.

OPPGÅVER

1. Analyser annonsen ovanfor ut frå «AIDA». Kva verkemiddel er brukte?

2. Gå på annonsejakt i aviser. Finn du annonsar som du meiner er spesielt vellykka eller mislykka? Vurder ut frå AIDA og di eiga oppleving av annonsen. Legg fram for dei andre i klassen.

3. Lag din eigen heilsidesannonse. Vel sjølv eit produkt eller ei teneste du vil annonsere for. Samarbeid gjerne med ein annan.

REKLAME OG REDAKSJONELT STOFF

Marknadsføring skal utformast og presenterast slik at ho tydeleg står fram som marknadsføring. Det skal ikkje vere mogleg å forveksle annonsar med redaksjonelt stoff.

Innhaldsmarknadsføring (på engelsk content marketing) etterliknar og bruker ofte ei journalistisk uttrykksform for å skape interesse. Dette er marknadsføring som skal merkast (med for eksempel ordet annonse), eller det skal på annan måte gå fram at det er reklame.

MARKNADSFØRINGSLOVA

Marknadsføring må ikkje stride mot god marknadsføringsskikk. Når ein vurderer dette, legg ein vekt på om marknadsføringa krenkjer allmenne etikk- og moraloppfatningar, eller om ho tek i bruk støytande verkemiddel. Reklame skal ikkje vere i strid med likeverdet mellom kjønna, ikkje utnytte kroppen til det eine kjønnet eller gi inntrykk av ei støytande eller nedsetjande vurdering av kvinne eller mann.

Ein forbrukar som meiner at punkta over er brotne, kan klage til Forbrukarombodet. Ombodet vurderer om marknadsføringa, på grunn av utforming, format, omfang eller andre verkemiddel, står fram som særleg påtrengjande. (Les meir om dette på forbrukerombudet.no

OPPGÅVER

1. Korleis kan vi klage dersom vi oppdagar reklame som vi meiner er ulovleg eller villeiande? (Sjekk forbrukerombudet.no)

2. Mange reklamekanalar: Kvar finn du reklame? Set opp ei liste over alle stader du støyter på reklame. Samanlikn og diskuter lista di med lista til ein medelev.

3. Reklame er nyttig! Vurder korleis denne påstanden passer for deg. Noter ned kva du eventuelt ønskjer å lese eller sjå reklame for. Diskuter med dei andre i klassen.