Skrivemodellar

Dei ulike sjangrane har ulik forteljemåte eller dramaturgi. To vanlege modellar er «den omvende pyramiden» og «fisken».

DEN OMVENDE PYRAMIDEN

Når du skal fortelje ei nyheit, er det allereie i tittelen og ingressen viktig å komme til poenget, det vil seie skrive det viktigaste først. Så kan detaljar og forklaringar komme utover i teksten, mindre og mindre viktig mot slutten. Ein skal kunne kutte i teksten utan at hovudbodskapen forsvinn.

«FISKEN»

I andre saker der temaet ikkje har direkte nyheitsverdi, kan ein bruke skrivemodellen fisken.

Kjeften grip tak i lesaren: For eksempel ein tittel som gjer lesaren nysgjerrig. Hovudet kan vere ein ingress som teiknar ei problemstilling, ein påstand som inviterer til å lese vidare, eller eit bilete med bilettekst som vekkjer interesse. Kroppen rommar innhaldet i historia. Halefinnen er avslutninga. Den kan komme med eit overraskande slag, det vil seie ein konklusjon eller eit uventa tankevekkjande sluttpoeng.

SJANGERSKJEMA

Skjemaet viser samanhengen mellom innhald, intensjon, arbeidsmetode og dramaturgi i sjangeren. Skjemaet er henta frå Retorikk for journalistar av Thore Roksvold, men er her noko forenkla. Roksvold deler journalistikken inn i tre typar:

Nyheitsjournalistikken handlar om nyheiter, det som ligg i framgrunnen.

Bakgrunnsjournalistikken gir lesaren bakgrunnsstoff for ei grundigare forståing av nyheitene.

Pregjournalistikken gir lesaren ei utvida lesaroppleving. Journalisten set sitt preg på teksten ved hjelp av skrivekunst, litterære verkemiddel og presentasjonsteknikk for å framkalle stemningar, kjensler, miljøopplevingar og så vidare.

 

OPPGÅVER

1. Bla gjennom ei avis og vurder kva sjanger stoffet er skrive i. Skriv på med penn eller blyant «nyheitsartikkel», «kommentar» og så vidare.

2. Finn ein featurereportasje. (Finst oftast i helgeaviser.) Kva skil han frå ein vanleg nyheitsartikkel?