Avissjangrar

I avisa blir det kvar dag skrive om mange ulike saker. Journalisten må velje korleis han eller ho vil fortelje om saka. Journalisten vel sjanger. Både i papiravisa og i nettavisa finn vi dei tradisjonelle sjangrane, men i nettavisaer det mogleg for journalisten å gjere meir, for eksempel leggje til video, animasjon, digitale forteljingar og så vidare dersom det er formålstenleg.

KVA AVGJER VAL AV SJANGER?

Rolla skribenten er i, og formålet med det han eller ho fortel, bestemmer kva sjanger skribenten skal velje. Det er forskjell på å vere politikar, som vil verve tilhengarar (lesarbrev, kommentar) og journalist, som vil fortelje ei nyheit (nyheitsartikkel, notis). Dei vanlege tekstbaserte sjangrane i avisa er presenterte i spalta til høgre. Ein avisartikkel varierer i utforming, men er sett saman av mange «byggjeklossar» for at vi lettare skal oppdage han, og for at han skal vere lett å lese. Her er eitt eksempel.

Nyheitsartikkelen:

Den vanlegaste journalistiske sjangeren. Han fortel om ei aktuell hending og er bygd opp av tittel, ingress og brødtekst. Han skal sannferdig og balansert gi svar på kven, kva, kvar, når, korleis, og kvifor.

Notis:

Kort nyheitsmelding, vanlegvis på mellom ti og tjue linjer.

Reportasje:

Ein større artikkel frå eit miljø eller ei hending. Reportasjen kan innehalde fleire andre sjangrar: for eksempel intervju, nyheitsartikkel og referat.

Melding:

Presentasjon og vurdering av bøker, film, konsertar, utstillingar og så vidare.

Enquete:

(Fransk, utt.: ankèt) Rundspørjing med same, helst aktuelle, spørsmål til fleire. Gjerne med bilete, for eksempel «Fem på gata».

Feature:

Ein avisartikkel som både skal informere og underhalde. Vi finn ofte feature i bilag og helgeavisene. Kjenneteikn: lettlesen, litterære verkemiddel, gir bakgrunn, god presentasjon.

Intervju:

Intervju er både ein sjanger og ein måte å arbeide på. For å skaffe opplysningar om ei sak, må journalisten ofte intervjue personar (saksintervju). Men han eller ho kan også la oss bli nærare kjende med ein person i eit eige intervju i avisa (portrettintervju).

Leiar:

Leiarartikkelen uttrykkjer den meininga avisa har om ei aktuell sak.

Kommentarartikkel:

Meiningsinnlegg om ei sak, skrive av ein journalist eller kommentator, ein invitert skribent eller fagperson. Kan vere ein blogg.

Petit:

Lett, kåserande betraktning om eit tema, ofte humoristisk og i ein personleg, munnleg og uformell tone. Kan vere blogg kopla til nettavisa.

Leserbrev:

Meiningsytring frå lesarar, oftast om ei aktuell problemstilling. Bør innehalde framstilling av problemet, forslag til løysing, konsekvensen av løysingsforslaget.