Medier vil skape debatt

Alle media ønskjer å vere med på å skape ein levande, offentleg debatt. Dette gjer dei ved å setje dagsorden, vinkle og problematisere. Ei viktig oppgåve for skolen er å lære deg til å stille spørsmål ved bodskapen frå media og å oppmuntre deg til å gjere det. For å kunne stille dei gode spørsmåla, og deretter kanskje gjere noko med det, må du setje deg grundig inn i saka. Denne modellen kan vere til hjelp.

Fakta:

DAGSORDENFUNKSJON

Dagsordenfunksjon går ut på at massemedia ikkje nødvendigvis har kraft til å påverke det publikum tenkjer og meiner, men derimot kva dei tenkjer og meiner noko om. Dette skjer ved at media bestemmer kva som kjem på dagsordenen.

1. SKILDRE
  • Kva handlar avisoppslaget om? Noter berre fakta!
  • Kva hende? Kven er involvert i saka?
  • Kvar ligg dei stadene som saka nemner? Plasser stadene på eit kart.
  • Når skjedde det?
  • Kva er det viktigaste og mest interessante for deg i saka?
2. GRANSKE
  • Kan du finne meir informasjon om saka i avisa? I andre aviser? I andre medium? På nettet?
  • Kva er årsaka til hendinga? Er dette eit kjent eller eit nytt problem?
  • Kva synspunkt framfører dei ulike partane i saka? Kor stor plass har saka fått i avisa? Korleis er saka vinkla?
3. VURDERE
  • Kan alt som står i artikkelen, vere sant? Er det mogleg å kontrollere opplysningane? Korleis veit vi at han er balansert? Har journalisten vore objektiv? Har alle partane i saka komme til orde?
  • Kva er meininga di om saka? Kven av partane er du samd med?
  • Kva konsekvensar meiner du at saka får på kort sikt? På lang sikt?
  • Kvifor er artikkelen publisert akkurat no?
4. HANDLE
  • Er det mogleg å gå aktivt ut med dine eigne meiningar i denne saka?
  • Har journalisten e-postadresse i byline? Er det eit nettforum?
  • Andre? 
  • Vil du eventuelt reagere på saka saman med nokon? Kven vil du i så fall prøve å påverke?
  • Korleis vil du gjere dette?
ARTIKKEL

Artikkel er ei samlenemning. Det er vanleg å skilje mellom informerande artiklar og kommentarartiklar. Ein kommentarartikkel uttrykkjer dei haldningane skribenten har til emnet, på ein tydeleg måte. Ein leiarartikkel er den daglege kommentarartikkelen frå redaktøren. Leiarartikkelen står på ein fast plass i avisa og uttrykkjer det offisielle synet avisa har i ei bestemt sak.

DEBATT

Ein debatt er ein måte å utveksle argument på. Ein debatt kan vere i ein uformell setting, eller i ein formell setting med ein dirigent eller møteleiar og med reglar for korleis debatten skal gå føre seg.

SOSIALE MEDIER OG OFFENTLIGE YTRINGER

Internett har gjort at vi alle kan vere ”redaktørar” i dag. Vi kan kommentere nyhende og artiklar, og vi kan skape våre eigne publikasjonskanalar ved å lage heimesider eller skrive blogg. Vi kan formidle fakta eller fleip, og vi kan kome med meiningane våre – på godt og vondt.

Når du ytrar deg på nett, kan du bli halden strafferettsleg ansvarleg. Paragraf 7 i straffelova seier at ei ytring er offentleg når ho er sett fram på ein måte som gjer at ho kan nå eit større publikum. Endringa i straffelova avgrensar ikkje ytringsfridommen, den gjeld som før. Lovlege ytringar kan ein framføre både pivat og offentleg. Men ulovlege ytringar (som til dømes truslar) er no straffbare også når dei skjer på internett.

Dette betyr at du kan bli halden strafferettsleg ansvarleg for ytringane dine i kommentarfelt til artiklar i nettaviser, for blogginnlegga dine, statusoppdateringane på Facebook, Twitter-meldingane, og for bilda dine på Instagram.

YouTube, Twitter, Facebook, Snap og Instagram blir brukte i nyhendeformidlinga hos fleire av dei etablerte media. Via Facebook kan journalistar finne informasjon og kjelder. Men media bruker også stadig oftare sosiale medium til å distribuere saker og informasjon til lesarane sine.

TWITTER

Twitter er eit amerikansk nettsamfunn og ei mikrobloggingsteneste som lét brukarane sende og lese oppdateringane til andre brukarar (på engelsk kalla tweets). I vårt demokrati kan vi følgje politikarane som twitrar. Du kan sjå kva statsminister Erna Solberg twitrar, og du kan til dømes sende kommentarane dine direkte til henne.