Kritisk vurdering av ein tekst

Du opplever ofte tekstar i aviser, på nettet og i lærebøker som absolutte sanningar gitt av ein eller annan autoritet. Desse spørsmåla kan vere til hjelp for å forstå intensjonen bak teksten:

1. KVA ER FORMÅLET?

Vil skribenten informere, skape debatt, underhalde eller påverke? Kva motiv kan liggje til grunn? Korleis kan dette påverke innhaldet og presentasjonen? I kva grad stemmer presentasjonen med innhaldet? Må ei alvorleg nyheit alltid presenterast på ein seriøs måte? Kor tydeleg er formålet framheva i den skriftlege teksten? Handlar det om å selje noko eller påverke meiningane dine? Er formålet i mottakaren si interesse? I avsendaren si interesse? Eller i begge sin?

2. KVEN ER AVSENDAR?

Kven har skrive teksten? Er det ein privatperson, ein reporter, eit kommunikasjonsbyrå eller liknande? Kva ulike personar har påverka teksten før han kom på trykk? Redigerar, fotograf, teiknar, redaktør ..? Kva grunnar kan forfattaren ha for å skrive dette akkurat no?

3. KVA ER BODSKAPEN?

Kva kjelder har forfattaren brukt? Byggjer bodskapen på fakta eller på kjensler? Presenterer saka fakta på ein fleirsidig eller einsidig måte? Er somme fakta utelatne? Kan du kontrollere påstandane? Kan du tolke bodskapen på meir enn éin måte? I så fall kva måtar? Er noko av saksframstillinga i saka basert på synsing? Finst det skjulte motiv? Korleis er språket? Blir det brukt vanskelege faguttrykk og ord eller lett forståelege ord? Kva er stiltonen i ordbruken? Påverkar bruk av titlar og bilete korleis du oppfattar bodskapen?

4. KVEN ER MOTTAKAR?

Er saka tilpassa ei utvald gruppe lesarar? Korleis påverkar dei i så fall utforminga av teksten og i kva grad han er til å lite på?

Pressa har rett til å informere om det som skjer i samfunnet, og avdekkje kritikkverdige forhold.

VER VARSAM-PLAKATEN

1. Samfunnsrolla til pressa

1.1 Ytringsfridom, informasjonsfridom og trykkjefridom er grunnelement i eit demokrati. Ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn.

1.2 Pressa tek seg av viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressa har eit særskilt ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk.

1.3 Pressa skal verne om ytringsfridommen, trykkjefridommen og innsynsprinsippet. Ho kan ikkje gi etter for press frå nokon som vil hindre open debatt, fri informasjonsformidling og fri tilgang til kjeldene. Avtalar om eksklusiv formidling av arrangement skal ikkje vere til hinder for fri informasjonsformidling.

1.4 Pressa har rett til å informere om det som skjer i samfunnet, og avdekkje kritikkverdige forhold. Pressa har plikt på seg til å setje eit kritisk søkjelys på korleis media sjølve fyller si samfunnsrolle.

1.5 Pressa har til oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre.

Heile plakaten finn på på nettstaden til Norsk Presseforbund: www.presse.no