Redaktør Tormod Utne i Møre-Nytt opna nasjonale avisveker til 9. klasse ved Ørsta ungdomsskule for ei tid tilbake. Han seier at det er viktig å formidle kva ei redaktørstyrt avis er for noko. I ei verd med stor informasjonsmengd er det ikkje lett å vite kva som er sant og ikkje, og han prøvde å få fram korleis journalistar arbeidet med å spegle det som skjer i lokalsamfunnet på ein kritisk og objektiv måte. At avisa og forståinga for journalistikk vert formidla til elevar er særs meiningsfullt og viktig. Å sikre ein fri og open nyheitsstraum der kjeldekritikk og samfunnsansvar står sentralt, er ein del av demokratiet og forhåpentleg òg ein del av samfunnsfaget i skulen.
Norsklærar på 9. trinn Ida Ankile Johnsen meiner nasjonale avisveker har vore ei positiv og lærerik veke.
- Det er flott at Mediekompasset i samarbeid med lokalavisene legg til rette for avisveker på skulane. I klasse 9B erstatta vi stillelesebok med aviser denne veka. Vidare fekk elevane lære om ulike avissjangrar, og eksperimentere med å skrive eigne saker, som nyheiter og portrettintervju. Mitt inntrykk er at avisveka var ei positiv og lærerik veke for elevane, forklarer Johnsen.
Lærelyst
Gunn Britt Vindspoll Myklebust underviser også i norsk, og fortel at nasjonale avisveker har vore ei kjekk og lærerik veke for både elevar og lærarar:
- Elevane har vist at dei kan både lese og skrive eigne nyheitssaker, og det har vore eit arbeid som har verka motiverande på lærelysta til elevane. Lesing på papir har diverre vorte sjeldan vare for mange ungdommar, difor var det ekstra kjekt for elevane å få lese ekte aviser med nyheitssaker frå lokalmiljøet.
Digilesarar
Møre-Nytt har hatt vekst i talet på daglege lesarar og har 6500 daglege digilesarar i tredje kvartal i år. Dette er ein vekst på 4,6 prosent sidan i fjor.
Ved ungdomsskulen i Ørsta brukar dei tilsette å lage “Hendt i veka”-spørsmål der klassene kan sjekke kor mykje dei hugsar av nyheitsbildet inneverande veke. På 9. trinnet vart det ei veke laga spørsmål om “Hendt i avisveka”.
Av: Hjørdis Almelid Vikenes, faglærar Ørsta ungdomsskule